Operalåven er ein kulturscene i Ål i Hallingdal. Låven ligg høgt oppe i lia i Votndalen, nesten 800 m.o.h., på ein staselig gard fra starten av 1700-talet. Sidan 2019 har det blitt arrangert konsertar og forestillingar på garden, og i 2024 vart det hundre år gamle fjøset gjort om til ein konsertsal. Frå garden har du spektakulær utsikt utover Hallingdal og fjella – også når du sit inne i lokalane. Den 7 meter lange glasveggen gir deg ei kjensle av å væra ute i naturen, sjølv om du sit varmt og godt innandørs.
Operalåven er den eineste aktøren i Buskerud som jevnlig byr på arrangementar innen opera. Våre faste konsertserier er Nyttårskonsert, Påskeklang og Sommeropera. I tillegg har vi gleda av å invitere til andre konsertar gjennom året, gjerne i samarbeid med andre arrangørar som f.eks Fryd scene. Du kan bestille billettar til våre arrangementer gjennom vår gode samarbeidspartner Ål kulturhus, www.aal.kulturhus.no.
Operalåven kan også leigast til ulike arrangementer. Salen tar inntil 140 personer i kino og kan dekkes for inntil 110 personer. Det er kjøkken, garderobe og toaletter, alt med universell utforming.
Velkommen til oss som publikum, utøver, selskapsgjest eller møtedeltakar!